Hei!
I ein norsktime fikk vi i oppgave å lese ei bok hetar Kaninbyen. Etter å ha lesi boka skulle vi skrivi ei bokmelding.Her er oppgåva mi.
(Dette er eit bilete av forsida på boka)
Forfattar
Boka” Kaninbyen” er skrivi av Arild Rein som vart født i Stavanger 1960. Han debuterte med boka Hundedagane i 1998. Denne var første band i ein Stavanger trilogi, og sluttar med boka ”Kaninbyen” som eg no har lest.
Kjenneteikna til Arild Rein sin skrivemåte er at han skriv med ein realistisk stil. Han skildrar byen Stavanger i perioden frå 1970- 2004, og set negative ting i samfunnet i fokus og skriv om det moderne mennesket.
I 2001 mottok han Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipendet og Sigmund Skard- stipendet i 2005. Og i 2008 blei han, etter å ha gitt ut boka ”Kaninbyen”, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar.
Innleiing
Kaninbyen er siste del av ein bokserie på tre bøker, som Arild Rein har skrivi om Stavanger. I boka fokuserar Rein på dei menneska som lett kan gløymde, eller blir sett ned på, i den daglige kvardagen. Boka handlar om Jonny, ein tidligare politimann. Han bur i ein av kolonihagane i Stavanger og har ikkje så mykje pengar. Sia han ikkje jobbar startar han eit prosjekt for å tena pengar. Han startar å selje bakte poteter under Gladmatfestivalen som er kvart år i Stavanger. Jonny betalar ikkje for maten han skal selje, i staden for stel han det han treng i butikken og potetene finn han i hagen som han har dyrka sjølv.
Samtidig som Jonny driver med dette prosjektet møter han ei som heta Kim. Hun arbeider på eit av hotella i Stavanger sentrum. Ein dag Jonny har vært ute på byen i Stavanger, møter han Kim. Ho kjem i frå Asia, men bur i Noreg. Ho pleier mannen hennar som er sjuk. Samtidig utviklar Jonny og Kim eit forhold som kan vere vanskelig å forstå. I slutten av boka, samanliknar han ho med ein kanin. Han fortel at alle i Stavanger har seg som kaninar, og avsluttar boka med at han har lyst på Kim, men må fôre ho først.
I boka fins det eigentlig ikkje så mye handling, altså det er ikkje så mye som skjer. Meste parten av sidene går på å beskrive tankane til Jonny. Tankane hans handlar for det meste om kor negativt livet er og korleis Stavanger folka har endra seg. I hverdagen snuser han, har sex med Kim, drikker mye alkohol og marihuana te. Boka er skrivi med ein personale synsvinkel. Det betyr at det er ein eg person som er forteljaren og me får vite tankane til hovudpersonen. Dette er grunnen til at det er voldsomt mye tankar og følelsar i boka, og daglige rutinar som gjentar seg stadig.
Noko som eg reagerte på som sto i boka var ”Demonane våre heng faen ved oss som klegger”(Rein, 2004, side 163) . Eg stussa litt på det og lurte på kva forfattaren meinte med dette, og kom frem til at han meiner at alle menneska har ei bakside som ikkje er så god. Denne setninga er skrivi rett etter at han har beskrivi naboen hans som er spesiell. Naboen snakkar ikkje så mye og held seg helst inne i hytta. Når setninga kommer, trur eg at Arild Rein har skrivi dette for å fortelja oss at me har to sider. Ei god side og ei mindre god. Tilslutt vil demonane ta oss igjen.
Avslutning
Boka ”Kaninbyen” ville eg ikkje anbefalt vidare til mine venner. Dette er fordi når eg ser på boka som ein heilskap, vil eg sei at denne boka handlar om korleis menneske kan endra seg og korleis det er å vere ein som, den dag i dag, ofte blir sett ned på av andre, ser på verda og samfunnet. Eller så kan temaet i boka være at alle andre endrar seg med tida, men ikkje oss sølv. Det er godt muleg at Jonny ”sitter fast” i tida, mens alle andre rundt han endrar seg.
Historia til boka synes eg ikkje kommer så tydelig frem. Det er mykje tekst for å fortelje så lite som boka gjør. Eg synes ikkje den appellerer til meg og forstår ikkje heilt bodskapen med boka. Skriftspråket hjelp ikkje heller med å få frem bodskapen. Det at det blir brukt banneord så ofte gjør at det er kjedelig å lese. Banneord pleier å brukast til å påpeika eit poeng. Vanlegvis pleier eg å reagere når det blir skrivi banneord i ein tekst, men i denne boka kom dei så ofte at dei blanda seg inn med resten av teksten. Det blei ei lita røre av ord.
Likevel er historia truverdig. Det kan vere fordi handlinga skjer i Stavanger som eg kjenner godt til. Det kan vere kjekt å lese ei bok kor eg kjenner meg igjen i stader som det står om i boka.
Kjelder
Bokmelding, minskole, lokalisert 24.02.11
http://www.minskole.no/minskole/Rennesoy/pilot.nsf/ntr/F19D910832D0BB17C1257643003F72D9/$FILE/BOKMELDING%20NN.pdf
Rein, Aril, 2004, Kaninbyen, Det norske samlaget, Oslo
Bokmelding, minskole, lokalisert 24.02.11
http://www.minskole.no/minskole/Rennesoy/pilot.nsf/ntr/F19D910832D0BB17C1257643003F72D9/$FILE/BOKMELDING%20NN.pdf
Rein, Aril, 2004, Kaninbyen, Det norske samlaget, Oslo

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar